GODZILLA I HISTORIAS MARG

GODZILLA I HISTORIAS MARG

Elahe Rahroniya(Noshad)

Oversatt Av Tove Bakke

Et Dikt I Bok Lengde

Opphavsretten tilhører forfatteren og å dra nytte av eller tilpasninger fra navner, bøkene, bildene eller maleriene vil bli straffeforfulgt

Frå persisk til råutkast på engelsk ved forfattaren, frå engelsk ved Tove Bakke, deretter gjennomgang av den engelske og første norske versjon mot persisk original saman med forfattaren

 

Les et utdrag fra denne boken:

 

Til vesle Godzilla
Frå Sommarfugl

Tid: Dei siste dagane av Mesozoisk Æra (Dinosauralderen) og første åra av Isalderen
Stad: Eit halvfrose land i Midtausten

 

… Eg sver ved den mjuke halen til Hund!

Eg sver ved støvet på sommarfuglkroppar,

eg sver ved vengen til fluga, klistra i panna på flugesmekka, den gamle fillete flugesmekka,

at av alle dyr i verden,

er det Hund eg liker best.

…………………………………………..

Eg er hekta, hekta, hekta,

på trykket av galskap i eksplosjonen,

på søvnløysas underbevisste partiklar,

på foldane i vulkanens skjørt

og pollenet i kjolen til ei bregne.

Kanskje eg er deprimert,

men eg vil opphøge Hund!

Og eg vil vifte med halen hans

ved Buddhas heilage apostlar.

Og eg vil sniffe det kvite pulveret, av bein, om der så ingen meir var, eg kunne elske, og alle hundar hadde rabies.

Godzilla seier: “Du er galen og psykose er forbokstaven!!” Han har høgdeskrekk.

Og han er misunneleg på meg,

fordi han ikkje kan flyge som eg …

Og wow! som eg elskar å flyge høgt!

og fjelltoppen, som luktar sky,

og ein sjiraff som rensar nasen med høge greiner. Og Godzilla …!

Om eg elskar Godzilla?!?

……………………………………………………………..

Eg går ikkje i demonstrasjonstog, stemma mi blir fort hes

og kroppen min er så bitte liten at ingen kjøtetar ser meg.

Men eg held ikkje ut å berre sitte og sjå, eg føler så sterkt med

ekorn og sporv

og blinde lamme kattar

som har kveldssete i søppelkassar

kvar einaste kveld,

og opphøgar plastflasker.

Føler så med pene og pyntelege dachshundar, så skuggeskremde

og redde dei skal bli etne

at dei berre står bak glasrutene

og skrik: “Gud er stor!”

Og bjørnane,

enkelt å skyte på det svære breie hjartet deira, og skilpadder er fort fanga.

Og alle dei domfelte vegetar-dinosaurane

som blir sandwichar

mellom veggene på einecella.

Eg har skrive slagord

på alle blomster i nabolaget,

og lært dei

å prompe høgt

kvar gong ein kjøtetar kjem forbi, for stanken

nøytraliserer

liksom tåregass …

……………………

Så vidunderleg det hadde vore om løva

på ny vart jungelens konge!

Og sola på ryggen hans

kunne smelte all is.

………………,,

Sjasmintreet,


som er dørvakta mi, er i fengsel,

og utedøra mi utan skjerm for sola. Den stakkars utedøra mi, kvar dag

står ho der ved hagen

splitter naken

og stirer på gatas penis, og græt. Ein stum gråt.

Det er tvilens oksygen vi pustar inn desse dagane,

og støvet av sinne og hat,


det som har gjort himmelen

enda blindare enn før. Vi strør

til og med sporer

av sinne og hat

på maten vår

i staden for salt.

…………………..,,,,

I dag vart to vegetar-dinosaurar

henretta.

Ved henging.

Og, i deira siste sekund, såg eg kor den lange halen rista …

Eg går på toalettet og

pressar hardt, så eg kan skite tårene mine.

På toalettet er det inga forbanning som lurer.

Eg har høyrt at vatnet

fordriv alle skjulte mikrofonar

– men eg får ikkje til å gråte.

Forstoppelse

har forherda hjartet mitt og gjort auga harde. Eg pressar og pressar

til sinne og hat

tyt ut av auga,

treffer doskåla

og knuser ho.

Eg tar hendene fulle med toalettpapir og pressar inn i munnen,

og skrik og skrik,

ut gjennom tjukktarmen.

Skrik av sinne og hat.

Rusta på dette sverdet

har desinfisert hjartet mitt, Godzilla! Kvar den som er av kalifatet

er i mine auge raud,

fargen på turbanen til kjøtetaren. For mange år sidan, i dag,

kom Abu Yazid til verda.

Det er hans fødselsdag,

Den tjueandre av Bahman

Kjøtetande dinosaurar kledde i raudt, vegetar-dinosaurar i grønt.

Sorg og svart er velsigna her.

Shiaer er merkeleg interesserte i Ta ́zieh

……………………….

la oss flykte til jungelen, Godzilla!

Til Afrika!

Til ekvator!

Til kor som helst der enorme kjøtetarar ikkje finst. Der det er sol, og tre,

og rovdyr jaktar fordi dei er svoltne.

Eller – vi gjer sjøvesen av oss, Godzilla! Kan vi få kjøpt oss gjeller

og leve i havet?

Eller vi kan dra til ein varm planet,

som geiper av bragdene til is-revolusjonen,

der oljekjeldemonopolet ikkje er i hendene på is-uhyret og uran

ikkje feitar opp hoftene på horete missilar

og uran

ikkje ristar på brysta til Al-qaida og uran

ikkje køyrer staken til Hamas

opp i baken på Davidsstammen, og uran

ikkje blir /tversover/sløyfa

under Talibans lange skjegg

og …

Godzilla, veit du om ein slik plass?

… Godzilla dødde.

I ein lang transmutasjon

vart han omgjort til frosenkjøt.

Handa mi var ikkje tilsølt

av Guds blod!

Dei ga meg ei heilt stereotyp sleiv

til å røre i den bånnbrende, blautgjorte kommunistgryta med. I bånnen av gryta

var det fullt av mygl,

og da eg vaska sleiva utan lov,

var hendene mine

til olbogane i Guds blod!

Idet eg stod og skylte sleiva, strøymde Guds blod ut av krana

og trengde inn i dei tynne beina mine som revmatisme!

Og alt eg kunne gjere,

var å rope på deg! Godzilla !

Eg står i dusjen,

prøver å vaske blodet

ut av knoklane mine.

Og ei krone av eld,

sløkt i fallet av Ctesiphon i før-islamsk tid,

skin på panna mi.

(utt. Tisfón)

Eg vil reise ut i ørkenen, Godzilla. og vaske meg med sand sju gonger

og få denne motbydelege gørra av meg, få revmatismen ut av meg.

Slurpe i meg sandsuppe,

om det må til.

Og bli gravlagd i jordas inste.

Og kanskje ein gong, etter fleire hundreår, stig eg opp av jorda igjen,

stor og stolt,

som minnesmerke over Kattens sivilisasjon.

Fotnotar:

Ein bruker ofte *Kalifatet om rekkene av /kalifar/ i dei muslimske rika i dei arabiske områda og etter åtak på /av ? arabarar i Midausten og andre okkuperte område.

*Ctesiphon var keisarhovudstaden i det persiske riket. Den var verdens største by frå 570 til han fall i 637, erobra av muslimane. conquest

*Løve med sola på ryggen var symbolet i Irans falgg før den islamske revolusjonen i 1979. Symbolet viser til gammal, tradisjonell persisk tru – i trusretningane ? (Zoroasrtismen og Mithraismen) på at sola er symbol på /makt/styrke, rettferd og kjærleik.

*Abu Yazid var islams femte kalifatet

* 22th? Av Bahman: Bahman er den ellevte månaden i den iranske kalenderen, Den islamske revolusjonen eller 1979-revolusjonen vart innsett den 22. Bahman 1357-1979.

* Katt, her refererer det til forma på kartet over Iran.

 

admin Website

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *